Generell informasjon

Byggeigar: Aurland kommune
Byggjeperiode: November 2007 – Februar 2009
Opningsdato: 18. mars 2009

Aurlandshallen er bygd som totalentreprise, med Lærdal Entreprenør AS som totalentreprenør.

Aurlandshallen inneheld følgjande funksjonar:

  • idrettshall 22×44 m
  • skytehall for miniatyr
  • trimrom på 150 m2
  • klatrevegg
  • garderobeanlegg med 4 garderobar og to instruktørgarderobar
  • tribuneanlegg med sitjeplass til 220 personar

Aurlandshallen er bygd i hop med Aurland idretts- og samfunnshus (AIS).

AIS har desse funksjonane:

  • symjehall
  • 4 garderobar
  • ungdomsklubb
  • kultursal
  • kafeteria