Brukarinstruks
Brukarane av Aurlandshallen har eit felles ansvar for å ta vare på hallen og alt inventaret i den. Vi vil at Aurlandshallen skal vera like fin om 20 år som den er i dag, og vonar alle vil bidra til det.
1. Aurlandshallen er eigd av Aurland kommune. Drifta er organisert som eit eige ansvarsområde, med eit eige driftsstyre.
2. All bruk av Aurlandshallen skjer etter tildelte tider, vedtekne av driftsstyret. Oversikten er slegen opp på oppslagstavle i hallen, og på www.aurlandshallen.no. All bruk/leige av Aurlandshallen utanom tildelte tider, skal avtalast med driftsstyret på førehand.
3. Inngang til Aurlandshallen er gjennom hovudinngang og vrimlehall. Inngang frå kantine og garderobeanlegget i AIS skal ikkje nyttast som inngang til hallen, utan i særskilte avtalte høve.
4. Inngang til idrettshallen skal skje frå skogang – via garderobe og inn i hallen. Det er ikkje lov å gå inn i idrettshallen direkte frå vrimlehall/vestibyle, kun ved særskilte arrangement.
5. I idrettshallen skal brukarane berre nytta sko for innebruk, med såle som ikkje set merke, eller gå berrføtt. Sko som vert brukt ute skal ikkje nyttast inne i hallen. Utesko skal plasserast i skohylle utanfor garderobane.
6. På kveldstid og i helgar vert tilsyn i Aurlandshallen utført av Aurland Idrettslag eller andre brukargrupper, etter oppsett vaktliste. Alle som skal utføra tilsyn i hallen og alle trenarar/instruktørar og aktivitetsleiarar skal ha naudsynt opplæring i bruk av hallen.
7. Alle som trenar i idrettshallen skal ha med leiar/trenar. Det er forbode å vera i idrettshallen utan at ansvarleg leiar/trenar er tilstades. Klatreveggen skal berre brukast saman med godkjend klatreinstruktør.
8. Regulering av lyset i hallen, deleveggar, beskyttelsesnett bak måla og nettet framfor klatreveggen, skal berre gjerast av den person som har vakt/tilsyn i hallen. Dei andre tekniske anlegga i hallen skal berre regulerast av vaktmeister.
9. Det er ikkje lov å opphalda seg på tribuneanlegget under trening. Tribuna er berre open ved konkurransar, kampar og andre tilskipingar i hallen.
10. Det skal berre nyttast utstyr og apparat som høyrer til i hallen. Det er ikkje lov å ta med eige treningsutstyr inn i hallen. Utstyr som set merke i golvet må aldri nyttast.
11. Alt utstyr skal setjast på rett plass når ein aktivitet er ferdig. Alle som trenar i hallen har ansvar for å rydda idrettshall, lager og garderobar etter bruk. Trenar/leiar har det overordna ansvaret.
12. Alle unormale hendingar, uhell, hærverk o.a. skal rapporterast. Trenar, eller den som er ansvarleg for aktiviteten når hendingar oppstår, skal straks gje melding til den som har vakt/tilsyn. Skade eller øydelegging av utstyr og inventar må dekkast av den som har aktivitet i hallen.
13. Attgløymde effektar/klede vert tekne vare på i 1 mnd. Desse vert oppbevart på vaktrommet.
14. Det er forbode å røykja og nytta alkohol i og kring Aurlandshallen. Driftsstyret kan gjera unntak frå regelen ved særskilte arrangement og etter nærmare avtale.
15. Brukarar som ikkje føl bruksreglementet kan driftsstyret visa vekk frå Aurlandshallen.
Aurland, 15. januar 2009
Driftsstyret for Aurlandshallen
Brukarinstruksen kan lastast ned som pdf her.
