Oversikt spinningtimar
Oversikt over spinningtimar for siste del av oktober og november er lagt ut under treningstider.
Barneidretten startar opp onsdag 26. oktober 2011
Informasjon frå Aurland Idrettslag:
Trenarar i år vert Gjertrud Nesse Johnsen, Ingrid Grymyr og Brita Einemo (frå Lærdal) for 4-5 åringane og Nina Marie Hylland, Eldrid Kringeland Grønsberg og Kjetil Lien Nilsen for 1.- 2. klassingane. 3.- 4. klassingane vert trena av dei ulike særgruppene i Aurland Idrettslag. Liste over kven av særgruppe som har ansvar dei ulike treningskveldane vert lagt ut på heimesida til idrettslaget.
For at trenarar og ungar skal få ei kjekk treningsøkt i lag, samt mest mogeleg effektiv utnytting av tida, er det viktig at foreldra vert med som støttespelarar. Dei skal hjelpe trenarane med å ordne til, vere behjelpelege undervegs og rydde på plass utstyr på slutten. Det vert sett opp ei liste over kven av foreldra som skal vere støttespelarar til ei kvar tid. Dersom oppsett tidspunkt ikkje passar må ein sjølv sørgje for å byte med ein av dei andre foreldra på lista.
Foreldre eller andre som fylgjer ungane på barneidretten skal vere tilgjengelege medan ungane er i Aurlandshallen. Dei første gongane er det sikkert naturleg for mange å vere med ungane inn i sjølve hallen. Etter kvart når ungane vert trygge på trenarar og dei andre ungane kan foreldra sitte på benkane utanfor vaktrommet i inngangshallen.
Me oppmodar mødrer som følgjer barn til å bruke damegarderoben, og fedre som følgjer barn til å bruke herregarderoben.
I idrettshallen skal brukarane berre nytta sko for innebruk, med såle som ikkje set merke, eller gå berrføtt. Sko som vert brukt ute skal ikkje nyttast inne i hallen. Utesko skal plasserast i skohylle utanfor garderobane. Borlaug Sport sel hallsko/innesko.
Treningsavgift er 150 kr. Giro vil bli utdelt på trening.
Me ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne til eit aktivt år i Aurlandshallen!
Styret i barneidrettsgruppa v/MArte Tørud, MArit Irene Aas Nesheim og Ingrid Steine Bortne
Nettstaden til idrettslaget: www.autland-il.no
Handball: treningskamp i Aurlandshallen 6.oktober
Jenter 12 spelar torsdag 6. oktober treningskamp mot Voss klokka 18. 30.
Basistrening for gutar og jenter
Måndag 17. okotober startar Aurland IL – friidrettsgruppa opp med basistrening for gutar og jenter frå 5. klasse og oppover.
Sjå nettsida til Aurland Idrettslag for meir informasjon: www.aurland-il.no
Endra opningstid i haustferien
Aurlandshallen
Idrettshallen
Idrettslaget og skulane sin bruk av idrettshallen føl skuleruta.
I haustferien, veke 41, er idrettshallen difor i utgangspunktet ikkje open for bruk. Men idrettslagsgrupper som stiller med eigen vakt, har høve til å nytte idrettshallen også denne veka.
Bruk av idrettshallen veke 41 må avklarast med Ola Bjørgum.
Mobil: 95 98 46 16
E-post: ola.bjorgum@aurland.kommune.no
Trimrommet
Trimrommet er ope som vanleg veke 41.
Måndag 17 – 21
Onsdag 17 – 20
Torsdag 17 – 21
Nynorske Litteraturdagar 2011 – konsert med Rita Eriksen
Arrangement under Nynorske Litteraturdagar 28. – 30. oktober vert og lagt til Aurlandshallen.
Søndag 30.oktober rundar Nynorske Litteraturdagar 2011 av med avslutningskonsert med Rita Eriksen i Aurlandshallen.
Sjå program for litteraturdagane på nettstaden til Nynorske Litteraturdagar her
