Fotballturnering i Aurlandshallen 2. juledag
Det blir fotballturnering for gutar/menn i Aurlandshallen 2. juledag (26. desember) kl. 12.00.
Aldersgrense: Fødde før 1995
Det vert spelt på handballbane 20 x 40 m, handballmål m/keeper. Vi stiller med målmenn som står i mål for alle laga.
Kvart lag kan ha maks 4 utespelarar på bana til ei kvar tid, maks 7 spelarar kan delta på kvart lag.
Kvar kamp varer i 12 min.
Påmelding av lag til:
Arve Tokvam
arve.tokvam@c2i.net
907 85 950
Påmeldingsfrist 20. desember
Ved påmelding må det oppgjevast namn på laget og namn og fødselsår på alle spelarane.
Utvida opningstider i trimrommet
Frå og med 29. november opner trimrommet ein time før på måndagar og onsdagar. Då blir det følgjande treningstider:
Måndag 17.00 – 21.00
Onsdag 17.00 – 21.00
Torsdag 18.00 – 21.00
Vaktliste for desember
Vaktliste for hallvakt i desember er no lagt inn under Vakt i hallen
Klyppekort til spinning
Frå no av er det råd å kjøpe klyppekort til spinning. Prisen er kr. 500,- for 12 spinningtimar. Betalast kontant ved frammøte.
