Parkeringsrutinar ved hallen

Det vert «synda» mykje mot parkeringspraksis ved Aurlandshallen og AIS. Det er sett opp bom/bilsperre ved oppkøyring til AIS og bort til hallen. Det er svært viktig at det ikkje vert parkert framfor desse portane, då dette vil skape problem for utrykningskøyretøy ved naudsituasjonar. Ved porten bort til hallen er det til og med markert i asfalten at det ikkje skal parkerast der. Dersom det ikkje er ledig parkeringsplass ved hallen og AIS, så skal det parkerast i Hopen.