Aurlandshallen er eitt år!

I dag 18. mars, er det eitt år sidan Aurlandshallen opna. Me gratulerer difor oss sjølve, Aurland kommune, driftspersonellet i hallen og alle brukarane med det første jubileumet. Aurlandshallen har stor aktivitet, og det er gledeleg å sjå at hallen er vorten ein viktig ressurs for kommunen.

Hallvakter som ikkje møter

Det har diverre vore nokre tilfelle der oppsett vakt i Aurlandshallen ikkje møter opp. Det er vanskeleg å skaffe ny vakt på kort varsel. Frå no av vil difor hallen bli stengt dei kveldane vakta ikkje møter opp. Dette er beklageleg for dei som skal trene, men ein naudsynt konsekvens av at folk ikkje møter når dei skal ha vakt.

Det Aurland idrettslag som har ansvar for vaktordninga i hallen. Idrettslaget minner om at alle som er med på aktivitet i regi av idrettslaget eller er foreldre til barn og unge som er med på aktivitet, skal vere med på vaktordninga. Dersom oppsett tid ikkje høver, er det eit personleg ansvar å syte for byte av vakt. Alle som skal ha vakt får melding om dette i posten eller pr. e-post. I tillegg står vaktoppsettet både på idrettslaget si nettside og på nettsida til Aurlandshallen. Det er også svært fint om dei som skal ha vakt, stadfestar at dei har motteke vaktoppsettet.